Fjord1 melder om at planlagt nattarbeid natt til 17. og natt til 18. mai er utsett, og det blir difor vanleg drift og normal rutetabell desse to nettene. Fjord1 minner og om at det er søndagsrute på 17. mai.
Nattarbeidet pågår fram til 29. mai. Fjord 1 jobbar med å klargjøre dokkingstasjonane på ferjekaiene slik at MF Stangvikfjord kan køyre elektrisk etter kvart.