Du har kanskje fått med deg at klokka skal stilles natt til søndag. Det skjer siste søndag i oktober kvart år, og dersom du har fått med deg at det er sommartid frå siste søndag i mars så ligg du egentleg godt an. Men når stiller du klokka fram og når er det ti for å stille klokka tilbake?
Ein god regel er å hugse på at klokka stilles alltid mot sommaren. Det vil seie at du på mars må stille klokka fram mot sommaren. Regelen er like grei om hausten, for da stiller du og klokka mot sommaren – det skjer siste helga på oktober, nemleg natt til 26. oktober i år – heilt formelt skal det skje natt til søndag kl 03:00, og da stilles klokka til 02:00.
Da får du faktisk att den timen du tapte i vår og den 26. oktober får faktisk 25 timar – og du bestemmer sjølv om du vil bruke bonustimen til å sove ein time ekstra, eller om du vil ha ein time ekstra på dagtid – valet er ditt!

