Indre Nordmøre Senioruniversitet inviterte onsdag 14. oktober til møte på Surnadal kulturhus med kåseri av Per Egil Hegge. Han er no 75 år og pensjonist etter 43 år i Aftenposten, der han har vore journalist, utanlandskorrespondent og redaktør, altså ein erfaren pressemann og også aktiv samfunnsdebattant.
Tittelen for kåseriet onsdag var: «Kva tenker Putin – og kvifor?» Per Egil Hegge tok utgangspunkt i russiske historie for å kaste lys over Putin og russisk politikk i dag. Han såg ein tydeleg samanheng gjennom historia frå Peter den store på 1600-talet og fram til i dag. Han var inne på den russiske politikken i sør og aust, mellom anna i Midt-Austen og Syria, og sjølvsagt også tilhøvet mellom Russland og Vesten.
Per Egil Hegge imponerte med stor kunnskap, histroriske fakta og godt innsyn i Russisk historie og politikk, han heldt eit interessant og engasjerande foredrag i godt og vel ein time, og det – utan manuskript! «Fantastisk», sa Helene Marie Nergård da ho takka kåsøren.
Heile seksti personar hadde møtt opp i Kammerset i dag og var svært godt fornøgde med dagens kåseri. Etter kåseriet var det triveleg sosialt samver med kaffe og bakels.