For ei veke sia vart 33 lakseelver stengt, og stor usikkerheit råder både blant laksefiskarane og hos elveeigarane. Den siste tida har vi sett mange eksempel på kor store konsekvensar dette får for mange lokalsamfunn. Det er til no teke ein laks i Toåa – egenleg snakkar vi om krise.
Kva skjer no? – vi stiller spørsmålet til Stig Husby, som er leiar i Todalen Elveeigarlag og som dermed er «midt i elden».
– Vi ønskjer å arbeide så proaktivt som muleg inn mot midtssesongevalueringa og har gjennomført to rundar med dykking i Toåa for å prøve å sjekke forholda akkurat no.
Den eine runden er det stamlaksfiskarane som har utført, medan Skandinavisk Naturovervåking har gjort den andre runde. Dei har sjekka frå Fyrhushølen ved Storfossen og nedover til Halsabrua. Observasjonar er gjort av både små- og mellomstor laks, sam ein del sjøaure.
Kva blir gjort vidare?
Vi er i tett dialog med Norske Lakseelver, Miljødirektoratet og Norsk institutt for naturforsking. Vi er for øvrig med i eit flaumelvprosjekt i år, og vi har heldigvis teke større grep for regulering av fisket før sesongstarten. Men no er vi sjølvsagt veldig spente på resultatet av midtsesongevalueringa, og vi må vel seie at vi fortløpande vurderer enda fleire innstrammingar som kan bli naudsynt for å unngå stenging av elv.
Avventar midtsesongevaluering
Når det gjeld lokale tiltak så har vi i samråd med fagekspertane beslutta å avventa midtsesonevalueringa og har altså gjennomført to rundar med fisketeljing i forkant av den. I tillegg viser vi at vi som organisasjon er aktive, og står betre rusta om det kjem tiltak, seier Husby.
Vi les om lakserømming hos Lerøy på Hitra i mai – har dykk merka noko til dette i Toåa?
Egentleg ikkje så mykje, men tok ein oppdrettslaks under stamlaksfiske. Men det er ei krevjande sak for oss, for vi vil unngå at oppdrettslaks går opp i elva vår. Derfor følgjer vi nøye med. – Status for Toåa er svakt lakseinnsig no i vår/sommar, og i tillegg krevjande forhold i elva så langt i sesongen.
– Elles kan vi seie at vi knapt har merka auka pågang av fiskarar frå andre elvar som er stengt, seier Stig Husby frå Todalen elveeigarlag til slutt.