Det er nok mange todalingar som er opptekne av dette spørsmålet. I dag står han der til forfalls, og for kvar dag som går vert han prega av ytterligare forfall. Den minste leilegheita er i dag disponert av Halsesamlinga, som har utstilling og boklager der. På grunn av dårleg vedlikehald og fuktproblem er lokala dårleg egna til dette, og da spesielt til lager av bøker og materiell. Surnadal kommune har lyst ut Gammelskulen for salg til høgstbydande over kr 200.000.
Todalen historielag skal på allmannamøte onsdag 8. september handsame samanslåing med Halsesamlinga. Da vil det også bli teke stilling til flytting til biblioteket i Todalen oppvekstsenter.
Ei gruppering som kallar seg ”Gammelskulen lokalhistoriske senter” har engasjert seg for å ta vare på Gammelskulen gjennom oppretting av ei stifting. Dei har fleire idear for bruk av bygningen, men først må den gjennomgå ei omfattande renovering både utvendig og innvendig. Dei meinar at Gammelskulen som er frå 1860 med tida vil ha eit stort potensial til å bli eit samlande lokalhistorisk senter for bygda.
Initiativet til denne gruppa er det Sjur Fedje, Olav Kvendset, Alf Ramsøy og Ragna Kvendset som har teke, og dei har laga eit skriv med ”Tankar om muligheiter” som du kan laste ned ved å klikke på linken.