Laurdag gikk vi oss borti eit «hagebakeri» utafor butikken til Hagland og Byggmakker. Det var ein demo av vedfyrte bakeomnar som du kan montere i hagen og som du fyrer opp med ved. Dei to som «jobba på bakeriet», Heidi Wiig og Aud vegerstøl starta på fredag, og skulle halde på til og med søndag ettermiddag.
Bakaromnen dei bruka var laga i stål, og du kan kjøpe dei ferdig montert, eller du kan kjøpe byggesett og bruke fantasien på utforming av design på omnen. I den vedfyrte omnen startar du på rundt 400 grader, og du kan steike mange sortar på ei oppfyring. Laurdag var dei i gang med å steike fleire sortar brød. pizza og mykje anna. Laurdag hadde dei avslutta dagen med langsteiking av 6 lammelår – dei starta på 180 grader og stod til temperaturen var komen heilt ned. Det vart saftig og godt på smak. Og langstekt mat er i tiden, fortel Aud Vegerstøl, som er forhandlar. – Når vi baker brød langhever vi brøda først, og bruker berre 50 gram gjær på deig til 20 brød. Da blir det smakfullt og god gjærbakst. Det er forresten fint å samarbeide om slik bakst, så det kan være lurt å invitere nabo’n på bakstedag, fortel Aud Vegerstøl.
Hos Byggmakker var det også aktivitet – her var Kai Roger Bævre og Per Arne Ingvaldsen i gang med pølsegrilling og vaffelsteiking, medan Arold Moen frå firma Roald Moen AS kunne by på elsyklar og vanlege syklar i tillegg til motorsyklar – dei hadde innspurt på Byggmakkerveka som slutta i dag laurdag.