Jon Bruset har vore ute på tur igjen. Denne gongen til Halsetfjellet, og han har sendt oss eit bilde med utsikt mot Kvennsetdalen og Lauvådalen. Nederst til venstre på bildet ser vi anleggsvegen og rørgata opp til inntaket til Råssåfoss Kraftverk. Men veit du kva alle fjelltoppane heiter? Vi kjem med svar på dette om eit par dagar!