Veidekke troppa opp med lastebil og gravemaskin i Brusetmelan fredag føremiddag – er det nytt skilt som skal på plass, spør vi Øystein Kvernberg som er i ferd med å graveopp og montere eit fundament mellom vegen og elva? – Kvernberg har akkurat fått på plass fundamentet, og han har forklaringa på kva som skal skje!
Han fortel at Veidekke har oppdrag frå Fylkesvegane skal montere ein mini vêrstasjon ved Melavegen (FV6148), og at den skal rapportere temperatur og kjøretilhøve til vegsentralen. Øystein kvernberg skal berre montere fundamentet, så kjem det andre for å montere og køyre igang den nye vêrstasjonen. Det er fylkeskommunen som er vegeigar for fylkesveg 6148 Melavegen som går frå Bruset og nedover til Øyabrua.