Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kva er det som foregår i Smålandsgrenda?

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. februar 2023

Onsdag mønstra Svorka Energi med både kranbil og gravemaskin ved trafokiosken i «Småland».  Da vart det spekulasjon – kva er det som foregår her, skal trafokiosken fjernast?

Nei da – slett ingen dramatikk, men eit av fundmenta har svikta, slik at kiosken stod ikkje i vater lenger.  Dette var imidlertid lett match, og etter litt oppretting så er alt slik som det skal være kunne dei tre fortelje – Åsmund Longva Kvendset, Steinar Holten og Jon Bergheim (på gravemaskina). 

Svorka er medlem i Todalen.no 

Publisert: 15. februar 2023, 16:00