I dag var første gjennomgang av årets julerevy. Gjengen vi trefte i ungdomshuset tykte dei var rimeleg godt i rute, og rekvisittaer og kostymer var produsert på løpande band. På papiret står 9 nummer frå scena; og dei kunne garantere både utgravinggar, nedgravingar, kaffekrok og presentasjon av sjølvaste urtodalingen. -Vi oppfordrar alle Hallingar om å komme i år, og naturleg vis alle andre som vil sjå kva vi har funne på om dei, ler Nils Ove, Anders og Lars spøkefulle.
Festa startar klokka 20, med høve til å kjøpe seg både vårt og tørt før forestillinga startar ca klokka 20.30.

Oda og Astrid jobar med sine ku-kostymer. Mykje kyr i bygda no, og dei har fått eige nummer der dei har god utsikt over bygda frå båsen i Utigarden, røper ungjentene.
Så langt er det seld litt lite billettar. Revygjengen oppfordrar derfor alle som ivrar både for ei levande bygd og for å treffe gamle kjente til å støtte opp om arrangementet og handle billettar på Hals når dei opnar!