Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kursing av fluefiskarar i sommarvarmen

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. juli 2016

Det var godt og varmt for gjengen som lærte fluekasting i dag. Det var Todalen elveeigarlag som stod som arrangør og dei hadde hyra inn Arve Evensen som instruktør for kurset. På dagens kurs var det både rutinerte fluefiskarar og meir nybynnarar i faget som var deltakarar, men felles for dei alle var at dei har laksefiske som hobby og dei hadde lyst til å lære meir.

Arve Evensen har drevet med fluefiske heile livet, og sågar delteke i konkurransesamanheng og til og med sikra seg NM-titlar. Han er nok lommekjent i elvane på Nordmøre etter å ha fiska laks her sia slutten av 70-talet og er no busett i Surnadal.

DSC_2736

Arve evensen har lang fartstid og stor kunnskap um fluefiske. I dag delte han av sine kunnskaper til kursdeltakarane. Foto. Jon Olav Ørsal

Dagens kurs bestod av både teori og praksis. Han ga kurdeltakarane ei grunndig innføring i fluefiskets mysterium, både med tanke på utstyrval, teknikk og praktiske ting som det er kjekt å kunne.  Det er faktisk lurt å starte med eit slik kurs, for da får du straks legge deg til rett kasteteknikk, der du både utnyttar spensten i stanga og får rett dreis på snøret. Når du skal starte med fluekasting er det også lurt å skaffe seg litt kunnskap om val av utyr, slik at du sikrar at du kjøper utstyr som passar saman. Og det er slett ikkje nødvendig å kjøpe det dyraste utstyret for å lykkast, men heller ikkje det dårligaste utstyret.

DSC_2726

Frå venstre Jan Larsen, Tor Holten, Patric Bohle, Carsten Bohle, Bjørn Anthony, Arve Evensen (kursleiar), Kristian Gjeldnes, Ola Dalsegg, Jan Tore Johnsrud og Ola Bruset (leiar i elveeigarlaget).

Det var etter alt å dømme eit vellukka kurs, og kursdeltakarane var godt nøgde med dagen og tykte dei hadde fått med seg mykje. Ola Bruset som er leiar i elveeigarlaget fortalte at det føreligg planer om fleire kurs etter kvart, og da både reine nybynnarkurs og damekurs.

Vår utsendte deltok ikkje på kurset, men tok nokre bilder underveis som vi har lagt i bildegalleriet nedafor.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 21. juli 2016, 18:42