Det blir mulighet for et nytt kurs i Todalen i slutten av oktober. Vi oppfordrer alle som er interessert i å melde seg på!
Mål: Kurset vil gje innsikt i korleis ein kan få plass i media med informasjon om bodskap eller produkt/teneste.
Målgruppe: Personar som ønskjer og har behov for å bruke media som informasjonskanal i sitt virke. Politikk, næringsliv, forvaltning, kultur, spesielt interesserte.
Innhald: Kurset omhandlar korleis nå ut med målretta informasjon om bodskap/produkt/teneste til aktuell målgruppe. I dette kurset vil ein spesielt ta for seg media som radio, TV og aviser.
Tema som blir tatt opp er:
- Kvifor er media så viktig?
- Korleis tenkjer ein journalist, og kven er beslutningstakar innan media?
- Korleis samarbeide med media?
- Korleis skrive pressemelding?
- Korleis skrive for web?
- Korleis førebu seg til intervju?
Det vil bli høve til praktisk trening, intervju med utgangspunkt i profilering av eiga bedrift eller eige bodskap.
Det er også lagt til rette for mulegheit for individuell oppfølging av konkrete oppgåver knytt til eigen situasjon i etterkant av kurset.
Tid og stad: Todalen, 21.oktober 2009, møterom ikkje bestemt.
Fagleg ansvar: AB Media AS v/Oddbjørg Aasen Bjørdal kjent journalist og reporter. (www.abmedia.no)
Lengde: Ein dag kl 10:00 til ca kl. 17:00
Kursavgift: kr 500,-
Forkunnskap: Ingen spesielle forkunnskapar
Påmeldingsfrist: Bindande påmelding inntil 4 dagar før oppstart (eller fram til oppstart dersom det er plass på kurset). Kurset vert gjennomført under føresetnad av at det er minst 8 påmeldte.
Kontaktperson: Magnar Holten – magnar@profero.as
Kontaktperson hoppid.no:
May-Britt Roald, tlf. 71258053 / 46696382
epost: may.britt.roald@mrfylke.no