Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kurs i Nordmørspols i Todalstradisjon

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. oktober 2025

Den entusiastisk stordansaren Rune Hanem med fylje, kjem frå Meisingset til Todalen for å halde kurs i Todalspols. Han ynskjer no å lære frå seg denne fine dansen, som han sjølv fekk lære av polsdansarar frå Todala for mange år sidan. «Den har så mange gamle vendingar som ikkje finst lengre i nokon dans i landet», fortel Rune som ynskjer at nye generasjonar skal få lære denne polsen.
Rune Hanem har saman med Silje Ones har vunne fleire gull under landskappleikar, med polsdans frå Nordmøre i Todalstradisjon! Kurset passar for folk i alle aldrar og nivå, for både den med «nedarva polsfot» og for dei som ikkje har danseerfaring frå før. Torgeir Leivdal kjem å spelar fele, så her får vi nok dansa til både Stordanspolsen og Fandens pols etter Halvor Ørsal.

Påmelding: tlf/sms til 48 000 144 
Pris: Kr 50 pr kveld, vipps til 590 343
Stad: Todalen skule, gymsalen, Pilskarvegen 37, Todalen
Tid:
Onsdag 15.oktober kl.19.00 – 21.00
Søndag 19.oktober kl.18.00 – 20.00
Søndag 26.oktober kl.18.00 – 20.00
Søndag 2.november kl.18.00 – 20.00
Utstyr: Ta med det dansesko eller dans på sokkelestane. Mat: Det blir sal av mat i pausen i Skulstuå, som ligg like ved Todalen skule.
Skulstuå i Todalen ynskjer alle hjarteleg velkomne til polsdanskurset!

Skulstuå i Todalen er medlem i Todalen.no

Publisert: 9. oktober 2025, 11:00