Det første kurset i lauvsskogrydding er i full gang. 5 habile kursdeltakarar satt fredag kveld på skulebenken for å fylle på med teori, både om sikkerhet og mellom anna biologi. Laurdag var det praktisk skogsarbeid med lauvskogrydding i Svinvika og søndag er det praksis i stell av plantefelt.
Det er rindalingen Ingebrigt Landsem som er kursledar på kurset som går i regi av «Godt mot, Todalen».
Kursdeltakarane kvalifiserer med dette kurset til å kunne ta på seg ryddejobbar for den som treng hjelp til å halde olderkratta unna.
På biletet ser vi frå venstre kursledar Ingebrigt Landsem, Hallvard Gjeldnes, Åsmund K. Longva , Ola Kvendset, Jonas Svinvik og Sigurd Talgø.
Foto: Jon Olav Ørsal