Surnadal kommune inviterer også denne våren til kurs for småbarnsforeldre i barseltida. – Det er heilt normalt å vere litt usikker som småbarnsforelder. Dette kurset er for alle, seier kurshaldarane Ingunn Brekke og Rita Aarnes.
Om kurset
Helsestasjonen tilbyr denne våren eit kurs til alle foreldre i fødselspermisjon. Barselstida er ei verdifull tid full av følelsar – frå smil og latter til bekymringar, snørr og tårar – ofte på same dag. Det er heilt normalt å bli usikker, både på seg sjølv og på barnet. Da kan det vere godt å unne seg eit kurs og få litt tips og rettleiing saman med andre nybakte foreldre og bli trygg på at ein er god nok.
«Trygghetssirkelen»
Kurset bygger på forelderettleiingsprogrammet COS-P «Trygghetssirkelen» (Circle of Security Parenting). Kurset gir deg verktøy til å forstå barnets følelsar og behov, slik at barnet kjenner seg trygt. På den måten vil barnet stå sterkare rusta i møte med utfordringar seinare i livet.
Kurset går over 8 måndagar på Helsestasjonen med oppstart 13. mars kl. 13.00 – 15.00.
Det er ulike tema kvar gong:
- Velkommen til COS-P
- Utforsking av barnets behov rundt hele «Trygghetssirkelen»
- «Å være sammen med» på «Trygghetssirkelen»
- «Å være sammen med» babyar på sirkelen
- Vegen til tryggheit
- Utforsking av det vi strever med
- Brot og reparasjon i relasjonar
- Oppsummering og feiring
Påmelding og kontaktinformasjon
Kontakt ein av kurshaldarane innan 1. mars om du ønsker å delta. Kurset har begrensa deltakartal på kurset.
Helsesjukepleiar Ingunn Brekke – telefon: 468 78 259
Familieveiledar Rita Aarnes – telefon: 948 54 540