I dag er det kunstutstilling i Skulstua (Gammelskulen). Det er første gongen at Skulstua er bruka til kunstutstilling, og det er kunstnaren Sissel Halset Storslett som stiller ut 22 av sine måleri på denne premieren. – Utstillinga er opa frå kl 12 og utover til kl 16, så det er berre å hive seg rundt og ta ein tur.
Sissel Halset Storslett er Todaling, og bur i dag i Ytterbaugen saman med dotra Lisabet. Ytterbaugen er barndomsheimen til mora Lisabet, som Sissel no har teke over. Sissel har vokse opp på Sunndalsøra, og har sin kunstneriske bakgrunn frå 3 år på Statens håndverks- og kunstindustriskole, der ho gikk på metallinja. I tillegg har ho eit år på Norges kunsthadverksskule på Voss. – Men ho har teke i bruk måling som kunstform først etter at ho var ferdig med utdanninga. Her er ho nok arveleg også, og seier at ho har lært mykje av mora Lisabet. Og no er også neste generasjon Lisabet «på gang» med målarkunsta – ho likar også å svinge målarkosten.
Som sagt er det første gongen at Sissel stiller ut i Todalen, men har tidlegare stillt ut lokalt i samarbeid med kunstforeningane i Sunndal, Tingvoll og Surnadal – samt flerie andre plassar og er godt etablert i kunstmiljøet.