Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kunstsenteret i Molde med prosjektveke i Todalen

Elinor Bolme Fredag 13. november 2015

Møre og Romsdal kunstsenter i Molde, eit av 15 kunstsentre i Norge, arrangerer i perioden 12.-22. november si andre prosjektveke i år der det er kunsthandverkarane Siri Skjerve og Toril Redalen som er tildelt vekas arrangement med prosjektet ”Fire in the hole” her i Todalen. Arrangementet er også ein del av markeringa av Norske Kunsthåndverkeres 40-årsjubileum. Dette er eit heilt spesielt prosjekt, der ein ønsker å komme tettare på den kunstneriske prosessen som ligge attom det å arbeide med keramikk, og prosjektet vil foregå både i Todalen, på Kunstsenteret i Molde og i Surnadal.

Kunstsenteret arbeider for å formidle kunst av høg kvalitet til eit bredt publikum og har som mål å stadig presentere utstillingar som engasjerer, overrasker og fascinerer sine besøkjande. I løpet av veka vil publikum få muligheit til å sjå dei primitive brenningane i aksjon i Todalen, samt sjå resultatet av prosessen i galleriet på Kunstsenteret. Ein vil også kunne høre Toril og Siri snakke om prosjektet sitt i prosjektvekesamtalen i Todalen, og delta på barneverksted på Kunstsenteret.

Frå 16.- 22. november vil ti kunsthåndverkere samles i ein workshop, der dei skal utforske primitive brenningsteknikkar. Workshopen skal også foregå her i Todalen, der Siri og Toril har bygd ein rekkje ovner spesielt for denne workshopen. Resultatene av brenneprosessane vil så bli frakta til Møre og Romsdal kunstsenter i Molde og vises der.

Både Toril og Siri har leire som hovedmateriale i sin kunstneriske virksomhet, og med dette prosjektet ønsker dei å studere det moderne i den håndbårne kunnskapen, samt det seremonielle i den hverdagslige håndverksprosessen.

Målet med prosjektvekene er å gi publikum innblikk i den kunstneriske arbeidsprosessen, og bidra til å skape ein dialog mellom kunstner og publikum som kan være fruktbar for begge parter. I løpet av veka vil publikum kunne være vitne til forskjellige stadier i en brenneprosess, og få innsikt i ein gamal handverkstradisjon som normalt er svært lukka.

Todalen.no har skreve om brennomnane tidlegare i sommar: Heimebrenning på høgt plan

Arrangement i samband med prosjektveka som starta i går:

Utstilling av keramikkobjekt
Tid: 12.-22. november
Åpningstider: Tirsdag-fredag 11-17, laurdag 11-16
Stad: Møre og Romsdal kunstsenter

Utstilling av keramikkobjekt
Tid: 13.-22. november
Stad: Surnadal kulturhus, Finstuå
Utstillingsåpning: Fredag 13. november klokka 18.00

Prosjektvekesamtale
Kunsthåndverkerne i samtale med daglig leiar ved MRK
Tid: Tirsdag 17. november klokka 13.00
Stad: Austigard på Kvendset i Todalen

Barneverksted
Mens kunsthåndverkerne jobber med sine keramikkobjekter i Todalen vil vi på senteret jobbe med barn og ungdom og bli bedre kjent med leire som kunstnerisk materiale. Vi skal lage unike kunstobjekter som man kan ta med seg hjem etterpå. Barneverkstedet passer best for barn over 5 år.
Tid: Laurdag 14. november klokka 11.00-13.00
Stad: Møre og Romsdal kunstsenter

Eventdag
Teseremoni med kunstnarr Karin Augusta Nogva og musiker Stian Omenås, salg av sveler og kaffe
Tid: Laurdag 21. november fra klokka 12.00
Stad: Austigard på Kvendset i Todalen

Først publisert: 13. november 2015, 03:29 - Sist oppdatert: 12. november 2015, 23:02