Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kunstprosjekt i Svinvika

Dordi Jorunn Halle Tysdag 12. september 2017

Norske kunsthåndverkere i Midt-Norge er i gang med eit kunstprosjekt som heiter DELING. Målet her er kunnskapoverføring – deling av kunnskap basert på materialar og lokale ressursar. Handverk og arbeidsmetodar er sentralt i prosjektet.

Prosjektet skal gjennomførast i veke 38 og startar opp 18. september i tre kommunar i Møre og Romsdal, nemleg i Ålesund, Smøla og Surnadal. I Surnadal er arbeidsstaden arboretet i Svinvika, og det er dei lokale kunstnarane Jorun Kraft Mo og Toril Redalen i lag lærar og handverkspedagog Marit Larsdotter Moen som leiar prosjektet her.

Førebuingar til pilflettarveka. Frå venstre Marit Larsdotter Moen, Toril Redalen og Jorun Kraft Mo. Her driv å bygger eit kar, som skal tettast med presenning og fyllast med vatn. Pilen må nemleg ligge ei veke i bløytt før han kan brukast. Foto: Dordi J H

Tema for opplegget her er fletting med pil – dette er eit gammalt handverk og kanskje litt gløymt. Det er aktuelt å flette korger, fat, andre bruksting eller «installasjonar» som kan bli ståande på plassen t.d. ein port, ein «skulptur»osb.

Prosjektet heiter DELING, og for å formidla kunnskap om denne «skatten» av eit handverk er mellom andre alle lærarar som arbeider med kunst og handverk i kommunen, inviterte til Svinvika til arbeidsverkstad denne veka. «Slik håpar vi å vidareføre kunnskapen om dette handverket, både materialar og teknikk, til dei unge i kommunen», seier prosjektleiar Jorun Kraft Mo.

Pil i ulike fargar og sjatteringar, lengde og tjukkelse. Foto: Dordi J H

«Pil er eit smidig og levande materiale som det er godt arbeide med. Det er spenst i pilen og han låser seg når du flettar», seier Jorun. Prosjektgruppa har henta pil frå Gyl gartneri og frå Rotvoll i Trondheim til denne arbeidsveka.

Viss nokon har kjennskap til lokale korgflettarar eller pilåkrar, så gjerne ta kontakt med Jorun Kraft Mo. Prosjektgruppa er interessert i å vite om det som finst eller  har funnest lokalt, når det gjeld pilfletting.

Start 4H i Todalen
Medlemene i Start 4 H er inviterte til å kome til Svinvika for å vere med å lære om og prøve seg på pilfletting etter skuletid i veke 38. Tilbodet er gratis.

Open dag

Laurdag 23. september blir det open dag i Svinvika – da kan alle som vil, kome og prøve seg på pilfletting t.d. lage ei korg, fat eller andre småting  eller berre sjå på produkta som er laga i løpet av veka.  «Det er kjempegøitt å arbeid med pilfletting», seier Marit Moen.Viss ein har fine korger eller fat heime, kan ein ta med seg det å vise fram.

Korger frå «før i tida» – kanskje er eit par av dei laga av Johan Svorken. Korga til høgre er ei beiningskorg. Foto: Dordi J H

Korgmakar Johan Svorken

I 1920-30-åra var Johan Svorken frå Kvanne korgmakar her i området. Han gjekk i lære hos korgmakarmeister Lars Sæter i Øvre Surnadal. Dei var dyktige korgmakarar, og det finst sikkert mange produkt etter dei i heimane her i kommunen. Dei importerte også trevyrke – pil i ulike fargar – frå t.d. Tyskland.

 

 

Publisert: 12. september 2017, 15:51