I løpet av hausetn har 12 ungdommar i alderen 10 – 12 år, frå Surnadal og Sunndal kommunar, hatt «Workshop» i keramikkarbeid i regi av Brit Dyrnes frå Kvenna Kunstverksted. I løpet av hausten har ungdommane fått lære å arbeide med ulike teknikkar innafor keramikkhandverket sitt utrulege univers. Maria K. Bergli (12) og Selma S. Gjeldnes (11) representerer Todalen på keramikkutstillinga «Kunstnere in spe» i Bondehuset i Stangvik i helga. Utstillinga opna i dag kl. 13:00, og vil vere open òg i morgon, søndag 20.desember, mellom klokka 13:00 – 15:00.
Føremålet med Workshopen var å gje ungdommane ei innføring i korleis ein arbeider med leire og kva for moglegheiter leire gjev for uttrykke seg. Ungdommane har lært seg å lage skåler og dyrefigurar. Dei har òg lært å lage mønster i leire. Siste delen av «Workshopen» fekk dei lære litt om glasurteknikk av leire.
Etter å ha sett på det som vart utstilt under «Kunstnere in spe» som kan vi tyrgt slå fast at, både dei unge kunstnarane og instruktøren, har lykkast med prosjektet. Dei unge kunstnarane har vore både produktive og ikkje minst kreative gjennom hausten.
Vi vil absolutt påstå at utstillinga er verdt eit besøk! Meir informasjon om utstillinga finn du ved å trykke på lenka: «Kunstnere in spe»
Fleire bilete frå utstillinga kan du se nedanfor.