Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal Open inviterte til «Kunstnatt»

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 23. juni 2024

I samband med «Midtsommar i Surnadal» så inviterte Surnadal Open til «Kunstnatt» fredag kveld. Første post på programmet var i Svorkasalen på Surnadal kulturhus. Her fortalte Siri Skjerve og Toril Redalen om samarbeidsprosjektet dei starta da dei studerte saman på Kunsthøgskolen i Oslo, og som dei kallar «Line Made by Walking». Dette er eit samarbeid som ikkje er knytt til eit spesifikt prosjekt, men eit samarbeid dei brukar for å lufte idear og få gjennomført kunstprosjekt.

Siri er mest kjent for sine kunstverk laga i dyrehud og skinn frå lokale jaktlag i Todalen, medan Toril er keramikar og vart i 2023 tildelt statens kunstnarstipend for ti år.

Toril og Siri fortalte om samarbeidsprosjektet sitt «Line Made by Walking». Foto: B G Ansnes

Sjølv om Siri og Toril ofte samarbeider, er dei også sjølvstendige kunstnarar som deltek på utstillingar med eigne kunstprosjekt kvar for seg.

Situasjonen og kunstprosjektet avgjer om vi samarbeider eller gjer det kvar for oss, fortalte dei to til slutt i Svorkasalen.

To generasjonar Dyrnes i Kallastuå

Frå Svorkasalen gjekk turen til Kallastuå. Her hadde Brit Dyrnes og dotra Mira Dyrnes Askelund sett saman ei utstilling med teikningar montasjar i leire vi fekk sjå. Dei fortalte også litt om kunstverka sine og kvar dei har henta inspirasjon til dei frå.

Brit er hovudsakleg keramikar, men arbeider også innafor andre disiplinar. Ho har mellom anna langt over tretti offentlege utsmykkingar på CV-en. Ho er og eigar og drivar av Kvenna Kunstverksted. Ho hadde stilt ut nokre av sine montasjar i Kallastuå. 

Brit og Mira Dyrnes i Kallastuå. Foto: B G Ansnes

Dotra Mira er utdanna skodespelar ved Royal Conservatoire og Scotland, der ho studerte i åra 2011 – 2014. Ho er i dag skodespelar ved Trøndelag teater. Men Mira er også ein ivrig teiknar, og vi fekk sjå fleire av teikningane hennar i Kallastuå fredag kveld.

Utstillinga i Kallastuå er opa søndag 23. og 30. juni klokka 13:00 – 17:00 og torsdag 27. juni klokka 15:00 – 19:00.  

Surnadal Billag med gruppeutstilling

Måleri av Māris Čačka måla direkte på veggen. Foto: B G Ansnes

På Surnadal Billag på Surnadalsøra var det gruppeutstilling med Māris Čačka, Beate Gjersvold og Jon Arne Mogstad. 

Māris Čačka er frå Latvia og er der direktør for det verdskjente Rothko-museet i Daugavpils. Māris er kjent for å lage abstrakte uttrykk ved å kombinere bruk av måleri og grafikk. Han var reprsentert med eit stort veggmåleri, som han hadde måla rett på veggen inne på Surnadal Billag.

Beate Gjersvold er bildekunstnar og kunsthistorikar. Ho arbeider innenfor fotografi, silketrykk, installasjonar og akvarellar, men der er akvarellar som dominerer kunsten hennar. Beate hadde kalla utstillinga si «Tid» og den bestod av utvalde akvarellar.

Jon Arne Mogstad og Beate Gjersvoll ved sida av ein av akvarellane til Beate: Foto: B G Ansnes

Jon Arne Mogstad er professor i bildekunst og sentral i Surnadal Billag kunstsenter på Surnadalsøra. Jon Arne hadde ei eiga utstilling i tredjeetasjen på Surnadal Billag som vi fekk sjå samstundes som han fortalte litt om kunstnarkarriera si.

Finale på Frivilligsentralen

Siste etappe for «Kunstnatta» gjekk frå Surnadal Billag til Surnadal Frivilligsentral på Skei. Her arrangerer Surnadal kunstforening «Pop-up»-utstilling. Dei seks lokale kunstnarane Sissel Halset Storslett, Anne Marie Rognskog, Siv Halle, Rannveig Brøske, Anne Grete Kvendset og Lilly Husby stilte ut nokre av måleria og teikningane sine.

 

Kunstverk av lokale kunstnarar på Frivilligsentralen. Foto: B G Ansnes

Surnadal Open si «Kunstnatt» var ei innhaldsrikt arrangement, og mange møtte opp for å vere med på den kunstneriske fundturen i Surnadal fredag kveld.  

Sissel H. Storslett og Anne M. Rognskog frå Surnadal kunstforening var nøgd med responsen på Pop-up utstillinga si. Foto: B G Ansnes

 

Først publisert: 23. juni 2024, 08:01 - Sist oppdatert: 24. juni 2024, 07:45