Fredag kveld innleia kunsthandverkarane årets aktivitetsveke med kunstutstilling i Finstuå på kulturhuset. Dei kunne by på både kunst, musikk og prøving. Publikum fikk utlevert ein klump med leire og fikk prøve seg på ei lita individuell oppgåve – ein artig måte å få kontakt med publikum på…
Det var altså utstillinga ”Vi bryt oss inn” som opna i Finstua på kulturhuset. – Utstillinga er ein del av den jubileumsmarkeringa til Norske kunsthandverkarar som i år kan feire 40-årsjubilum. I Midt-Noreg blir dette markert med utstilling i Surnadal og Molde og med workshopen ”Fire in hole” i Todalen, der kunstnarane Toril Redalen og Siri Skjerve er vertskap.
Det var prosjektkoordinator og kurator Ingun Myrstad som kunne ønskje publikum velkomne til utstillinga der mange kunstnarar frå Midt-Noreg er utstillarar – mellom anna Jorun Kraft Moe som kjem frå Kvanne. Møremusikaren Jo Inge Nes sørgja for musikalsk innslag før publikum fikk prøve seg på eit artig opplegg med forming av leire under leiing av kunstnaren pål Bøyesen.
Men det er i Todalen det skjer i neste veke. Her vil Toril Redalen og Siri Skjerve være vertskap for prosjektet som skal utforske og prøve primitive brenningsteknikkar for leire. I løpet av veka vil publikum få mulegheit til å sjå og høre kunstnarane i arbeid – og kunne sjå resultatet av arbeidet i utstillinga i Finstua på kulturhuset. – Utstillingane i Finstua og i Kunstsentret i Molde blir nemleg oppdatert frå dag til dag med nye produkt frå aktivitetane i Todalen, og heile prosjektet er støtta økonomisk av Møre og Romsdal kunstsenter.
Ein del av hensikta med denne workshopen er at kunstnarane kan lære av kvarandre og det vil i løpet av veka bli bygd fleire omnar for brenning av kunst – spesielt for dette prosjektet. Frå Sverige er invitert spesielt kunsthandverkarane Annie Lindgren og Kristine Thenman som fagansvarlege for omnane og som vil bidra med sin kunnskap og erfaring på dette feltet.
Ei anna hensikt med både utstilling og workhop er å formidle og inkludere publikum, og ulikt spesialiserte kunstnarar, inn i ein heftig arbeidsprosess som vanlegvis er lukka – eller rettare sagt synleggjering av kunstnarane sitt arbeid og virke.
Publikum kan følgje aktivitetane i Todalen gjennom heile veka. I tillegg skal det være eit arrangement med prosjektvekesamtale med kunsthandverkarane på tysdag og ein ”eventsdag” med te-seremoni med kunstnar Karin Augusta Nogva og musikar Stian Omenås på laurdag.
Brit Dyrnes, som er leiar for Kunsthandverkarane i Midt-Noreg sett stor pris på at dei endeleg har fått til eit opplegg med desentralisert prosjektveke, der kunstnarane Torill Redalen og Siri Skjerve er lokalt vertskap. –Vi ser fram til å dele kunnskap og erfaring med kvarandre, og dette er ei stor markering og happening for oss, avslutta Dyrnes.