Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kunnskapsrik museumsmann på besøk

Jon Olav Ørsal Fredag 21. november 2014

Torsdag kveld arrangerte Stangvik historielag kåserikveld på Stangvik oppvekstsenter. Det var den pensjonerte museumsmannen Bjørn Austigard som var invitert til å halde foredrag, og eit stort 40-tals historieinteresserte hadde funne vegen til foajeen på Stangvik oppvekstsenter.  Sjølv om Austigard no har pensjonert seg etter 35 år som leiar ved Romsdalsmuseet er han framleis engasjert og interessert i historia og er mykje nytta som kåsør og fagmann.

Takspon_BjornAustigard_0920

Bjørn Austigard demonstrerte korleis takspon vart bruka til taktekkjing. Foto: Jon Olav Ørsal

Denne kvelden tok han for seg 2 av utviklingslinjene gjennom eit historisk perspektiv – bruk av lys var den eine og tak og tekkjemetodar den andre. Austigard la for dagen ein stor kunnskap om dei to emna, og fikk til ei interessant vinkling der han både begrunna korleis utviklinga skjedde og viste utstyr som var bruka gjennom heile tidsepoken. Bruken av lys hadde utvikla seg talglyset, via vokslys, trankole, moderatørlamper, karbidlamper og parafinlamper til elektrisk i fleire variantar fram til LED-lys som i dag vinn marknad. Utviklinga var styrt av pris og tilgang på utstyr og kunnskap.

På same måte har det vore med metodar og bruk av materialar til tekking av tak. På landsbygda var det nok never og torv som dominerte og takspon i tre. Seinare kom skifer i forskjellige variantar og vidare bølgeblikk og diverse takpanner og sementstein før eterniten gjorde sitt inntog. Det var pris og tilgang som oftast styrte utviklinga her og. Til dømes kunne sementeinen lagast på byggestaden etter at sementen kom og her var det ofte for mager sementblanding som avgrensa haldbarheita mest.

Det var veldig artig å høyre korleis Bjørn Austigard auste av sin kunnskap på ein enkel og illustrativ måte at det vart både illustrativt og lettfatteleg, og jammen hadde han eit lydhørt og engasjert publikum denne kvelden.  Etter kaseriet var det tid for kaffe, og da var det ikkje problem å ha høveleg samtaleemne rundt borda.

 

 

 

Publisert: 21. november 2014, 11:43