Søndag arrangerte Stangvik Historielag kulturvandring til Kvennbøtæla. Guider var Lars Steinar Ansnes og Torbjørn Polden, med god hjelp av Gustav Kvendbø og Gudrun Bele. Omkring 20 personar møtte opp i Kvenndalen på kanskje den finaste verdagen hittil i sommar. Turen gjekk så til Kvennbøsetra og vidare innover Tæla til heimre gjetarhytta og ned til Garden i Kvenndalen.
Ved gjetarhytta takka «forfattaren sjøl» for følget og fortsette innover Tæla og heimover om Kvennsetdalen.
Bildegalleri frå turen over Kvennbøtæla. Alle foto: Jon Bruset