Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kulturvandring i Stangvikbukta

Elinor Bolme Torsdag 8. juni 2017

Førstkomande laurdag, den 10. juni, vil Stangvik Historielag stå som arrangør for ei kulturell vandring i Stangvikbukta. Start og parkering blir ved Svissholmen ca kl 10.00. Det vil bli orientert om gamle hustufter, gamle namn og verksemd i «gamle dagar».

Vi tenkjer at vi først går ein tur til Prestgarden, på turen vidare må vi få med oss restane etter den gamle kraftverksdammen ved Tynnergarden før vi tek turen oppi «Strinda», skriv Marit Haugen i ein epost til redaksjonen. Går ikkje tida for fort, kan det bli små «avstikkarar» for å sjå nærare på gamle tufter/plassar det er knytta historier til. Etter turen satsar vi på å få til eit lite «kaffelag» ved Bondehuset. – Om nokon tykkjer økta blir for lang, kan dei ta med ein matbita for å nyta undervegs -.

Så håpar vi på godt ver og at mange vil ta turen til Stangvikbukta denne dagen!

 

Først publisert: 8. juni 2017, 04:43 - Sist oppdatert: 7. juni 2017, 23:50