Torsdag 6. juni blir det vandring i kulturlandskapet rundt fjordbotnen i Ålvundfjord.Det blir fleire omvisarar og opplegget blir etter same lest som i fjor da avslutninga av turen regna bort. Oppmøte ved skulen i Ålvundfjorden kl. 19.00. Det blir orientert om dei mange endringane i området både i landskap og bygningar berre siste 30 åra. Vi startar ved «A/S Møkkafrost» ved skulen, går nedover til idrettsplassen, innover Øran forbi Ørahusa og saga før vi går over brua til vi snur ved pakkhuset i Vågaholet. Det blir stopp på vegen for å sjå på og kommentere landskap og kulturminne slik dei var iflg eldre bilete og slik dei er no.
Deltakarane vil vidare få repetert opplysningar bl.a. om rokkverkstad, gamle fjøs, kva kvernene i bygda sa. Kommentarar «originalar» i tidlegare tider hadde til minneverdige , men kanskje ukjente hendingar høyrer og med. For å sikre oss mot dårleg ver, blir avslutninga lagt til puben ved Fugelvåg camping. Der blir det kaffe og kanskje litt å tygge på – og da meir enn det som blir servert verbalt. Stangvik historielag er arrangør, og alle på begge sidene av Stangvikfjorden er velkomne.