Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kulturkveld i regi av ungane.

Kulturkveld i regi av ungane.

Elinor Bolme Onsdag 18. november 2009

Onsdag kveld var foreldre, besteforeldre og ellers andre interesserte inviterte til kulturkveld ved Todalen Oppvekstsenter. Som seg hør og bør ved ei retteleg kunstutstilling var det snorklipping av elevrådsformann Stian Nordvik Bruset og servering av sprudlande drikke frå høge glas.

Nora Kårvatn kosar seg på utstilling.

Nora Kårvatn kosar seg på utstilling.

Her hadde alle elevane vore med å laga til ei måleriutstilling, samstundes som dei hadde sett opp ei utstilling av gamle og nyare ting. Ei kulturminneutstilling som dei kalla det. Ungane hadde teke med seg ulike eldre og nyare ting og skreve litt om det.

Kulturminnet som Erik Kårvatn hadde med seg.

 

Kulturminnet som Erik Kårvatn hadde med seg. Flyet var for øvrig laga av bestefar Erik Kårvatn den gong han gjekk på Todalen skule.
Måleriutstillinga var eit resultat av at skulen hadde hatt besøk av Elisabeth Aas gjennom heildagsprosjektet. Ho hadde vist dei ulike teknikkar innafor måling og trykk.

Mange frammøtte på kulturkvelden

Ellers fekk dei frammøtte og litt underhaldning av ungane gjennom nokre innøvde songnummer før det vart kaffe og noko å bite i.

Mykje gamalt å sjå på som ungane hadde laga utstilling av
Først publisert: 18. november 2009, 23:05 - Sist oppdatert: 19. november 2009, 17:01