Karstein Telstad på Surnadal kulturhus melder at kulturkalenderen for september er klar for postkassane. Dei har eit rikhaldig program, som startar allereie neste helg, 2.- 3- september, med Plekterfesten 2011. Det går føre seg både på hotellet og i Kulturhuset, og her får vi gjenhør med mange band frå regionen. Og her blir det rikeleg med mulegheiter til å mimre- og drømme seg bort.
Vidare opnar Nordmørutstillinga «Kunstslepp ved lauvfall» den 24.9., og har ope til 9.10. Det skjer i Finstuå, og nytt i år er at det skjer i samarbeid med Kristiansund kunsforening.
Det neste store er 10. klassens kulturprosjekt «Back to the 80’s» som startar 27. september og går fram til 29. september, altså 3 framsyningar med lokal revykunst. Her er det berre å kjøpe billett!
Her kan du laste ned kulturkalenderen for september som PDF-fil.