Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kulturhuset – Flust med film i vinterferien

Steinar Hasselø Laurdag 20. februar 2016

Det er vinterferie og Surnadal kulturhus skal gjera sitt til at dagane blir enda meir minnerike – også for dei av oss som ikkje har ferie. Kinoen vil difor kjøre 20 framsyningar i løpet av dei komande 10 dagane!  Her blir det flust med ekstraforestillingar både på dagtid og kveldstid med eit utval av filmar som dekkjer ønska til dei aller fleste.

sukino alvin

Dei som vil vere mest i farta i løpet av desse ti dagane er Alvin og resten av ekornene. Vanvittig og heseblesande komikk, kanskje mest for de yngste, når Alvin og gjengen har tre dagar på seg for å reise til Miami for å forpurre eit frieri der. Alvin og gjengen blir å sjå i begge helgene, samt tysdag og onsdag. Birkebeinerne har heller ikkje gjort seg ferdig og vil bli vist både på kveld og dagtid.  Sia det er vinterferie, er det også lagt opp til framsyningar både tysdag og torsdag kveld – og det er «Deadpool» som er vaksenfilm på begge kveldane. Deadpool er ein rå superhelt i trikot og har du sansen for slike, er dette av det aller beste som er laga i sjangeren.

Kontrasten er stor til islandske stabukkar (dagkino måndag og tysdag); om brørne og sauebondene Gummi og Kiddi som ikkje har tala saman på 40 år og som kommuniserer ved å sende ordknappe meldingar til kvarandre med gardshunden. «Stabukker» er ein sorgmunter film full av varme og vemod, spøk og alvor og med stor kjærleik til alle einstøingane på landsbygda. Filmen har vunne mange prisar og vi trur at det er langt, langt fleire enn sauebøndene i Surnadal som vil ha sansen for dei to snodige einstøingane på Island.

stabukker

Den andre heilt nye filmen denne veka er «Grimsby» med Sacha Baron Cohen, mest kjent som «Borat» og «Bruno». Han er ute etter ein ting: å få deg til å flire. Og han er villig til å gjera det meste for å lukkast med det! Og ein ting til slutt: Det vil drysse oscarstatuettar over mange gode filmar natt til måndag 28. februar. Etter å ha sett mange av dei nominerte, tippar vi at «The Revenant» vil få flest etter Leonardo DiCaprio kjempeprestasjon der han baksar seg gjennom villmarka. Filmen er difor sett opp igjen to dagar etter Oscar-showet, onsdag 2. mars, for denne må du få med deg!

Du kan lese meir om filmane og kjøpe billettar på heimesida til Surnadal kulturhus

Publisert: 20. februar 2016, 19:31