Det har etter kvart vorte tradisjon med ei kulturell vandring uti Årnesliene i regi av Stangvik historielags turstigruppe på Årnes. I år blir denne turen laurdag den 12. august, med oppmøte ved Grendahuset på Årnes kl. 11.00 (parkering ved Jørristufjøset).
Vi satsar på ein litt kortare tur i år, og som tidlegare blir det samling med kaffe og «noko attåt», og litt underhalding i grendahuset etter turen, der bl.a. Nils Røv og Bernt G. Bø vil delta.
Vel møtt på Årnes laurdag 12. august helsar historielaget!