Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kulturavdelinga minner om aktivitetar

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. juni 2025

Friluftslivet år byr på mange aktivitetar gjennom året – Norunn Holten som er koordinator for dette arbeidet i Surnadal kommune minner om aktivitetane som skjer denne veka – i dag er det Laksefiske i Advokaten og onsdag er det tur med ordføraren til Vindøldalen – bla om og les meir om disse aktivitetane.

Laksefiske i Advokaten
Laurdag 7. juni kl. 12.00-20.00
 Surnadal JFF inviterer til ein dag med laksefiske i Advokaten der målet er å rekruttere nye, unge laksefiskarar. Det er oppmøte ved Utigard Skjermoen, ca. 24 km fra Øye når du køyrer nordsida oppover. 

Bli med på laksefiske i Advokaten – det skjer alt i dag – laurdag. Foto SK Kultur

Målgruppe for arrangementet er dei som har litt erfaring frå før og som greier å fiske nokolunde sjølve. To erfarne laksefiskarar vil vera tilgjengelege for deltakarane gjennom dagen. Dei vil dele av sin kunnskap om elv, fiskeutstyr og alt muleg det er smart å lære noko om.
Har du eige fiskeutstyr, tek du med deg, men Surnadal JFF har til utlån om nødvendig, også vadebukser og redningsvestar. Send gjerne ein epost til turid.saettem@hotmail.com om det er behov for noko på utstyrssida eller andre ting dei bør vita om.
 
Hugs solbriller! Det er viktig å beskytte augo når ein kastar med fluge! Gode og varme klede er fornuftig, gjerne fleire lag slik at du kan justere litt etter forholda. Surnadal JFF sørgjer for mat og drikke.  Aldersgrense for å delta: 12 år.
Sjå meir på friluftslivetsar.no eller på heimesida til Surnadal JFF!
 

Tur med ordføraren til Vinddøldalen

Trimgruppa i ØSIL og ordførar Hugo Pedersen inviterer deg på tur til Langøya i Vinddøldalen:
Onsdag 11. juni kl. 18.00.
Oppmøte: bommen ved Pebua
Dette er ein tur som går etter grusveg og som passar dei fleste: store og små, unge som gamle! Akkurat no er det dessverre litt redusert framkommelegheit på grunn av vegarbeid, men det skal ikkje vera problem å gå innover.
Enkel bevertning!
Trekning av premiar blant deltakarane!
Hugs å betale bompengar (kortterminal) i Holtamoan!

Publisert: 7. juni 2025, 10:13