April blir ein kulturell månad på Surnadal kulturhus i følge den siste kulturfoldaren. Det startar allereie med konsert fredag 1. april. Då kjem spellemannprisvinnar 2011; Unni Boksasp Ensemble. Dagen etter, laurdag 2. er det Kulturskulen som inviterer til kaffekonsert i Foajeen, medan hornmusiken feirar 115 års jubileum helga etter.
Vidare utover blir det konsert med Blæsten, Tormod og Gauar 9. april, Danseteater den 13. og 14., før månaden avsluttast med Jørgenkveld den 30. april. Med andre ord; mykje å gle seg til!
For å sjå heile foldaren klikk her