Kultmakarkvelden i Ungdomshuset er ei vidareføring av fjorårets lygarkveld, og arrangøren som er fotballgruppa i TIL byr byr på eksotiske rettar frå Thailand og innslag frå utanbygds «artikalla». Bernt Vatten frå Halsa, samt Arne og Lars Landsem frå Rindal kjem for å ta del i programmet på kultmakarkvelden. bernt Vatten er kjent for sine gode og lune historier, og Arne og Lars Landsem er nok mest kjent for sin aktive deltaking i revymiljøet i Rindal gjennom ei årrekkje.
Arrangementet startar kl 20 med salg og servering av Thailandske spesialitetar til publikum. Dette er ein unik sjanse til å prøve det gastronomiske mangfaldet som det Thailandske kjøkken kan by på. Etter maten vil gjestane vere med og dra igang underhaldninga etter kvart. Arrangøren oppfordrar publikum til å ta ordet og kome med sine bidrag. Vi veit at det er mange kandidatar som har eit rikhaldig lager av historier og skrøner i bygda, seier Bjørn Hauglann til Todalen.no, og vi oppfordrar til å sette av denne kvelden.
Her kan du laste ned plakaten for kultmakarkvelden