Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Krus og utmerkelsar i fleng

Elinor Bolme Måndag 18. november 2013

Søndag ettermiddag arrangerte trimgruppa og ski- og friidrettsgruppa felles basar i Ungdomshuset. Her var det full fres og basarstemning av god gammel dimensjon. Det var mange fine premiar som skulle utloddast, og i tillegg var det tradisjonelt pilkast der både gammel og ung knivast om høge plasseringar. Hovedgevinsten, ein trøbil av same slag som er på Bordholmen var særdeles populær blandt den yngre garde, og som det så ofte er på basar, så var det nok desverre ikkje ein av desse som stakk av med gevinsten.

Ski og friidressgruppa delte ut deltakarpremiar til alle dei som hadde vore med på barn i løypa vinteren 12/13 og dei som hadde delteke på lagseriestemne vår/haust 2013. Trimgruppa hadde også ei utdeling. Dei delte ut krus til alle dei som hadde mest turar på dei 9 ulike trimbøkene som er utsett rundt om i bygda. Leiar i trimgruppa, Jorunn Nordvik oppfordra til fortsatt å besøkje dei ulike postane. Nye bøker er allerede oppkommet på dei respektive plassane. Sjå oversikt over vinnarar og heldige uttrekte nedanfor.

KRUS TRIMBØKENE 2012

KRUS TRIMBØKENE 2013

Under er også eit lite bildegalleri frå tilstelninga, der det til slutt kom inn vel 27 000 kroner. Alle foto EinorB

Først publisert: 18. november 2013, 19:02 - Sist oppdatert: 26. november 2013, 06:46