Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kronhjort felt i Brusetmarka

Dordi Jorunn Halle Laurdag 21. september 2019

Sørsida jaktlag stilte med stort mannskap i finveret laurdag. Sørsida jaktlag omfattar Ansnes, Hallset, Ørsal, Øya og Bruset. Laurdag starta jakta i Øyalia, men der vart det ikkje resultat.

Dermed flytta dei inn i Brusetmarka for å jakte. Etter ei stund kom det hjort, og kronhjorten vart teken av treffsikre jegerar ytst på Tjønnmyrå. Kjekt å jakte når det er kort avstand til veg, og karane slepp å bera tungt for å få heim jaktutbytet.

Fin kronhjort. Foto: Dordi J H

 

Kronhjortar tekne av flaum

Tidlegare i veka vart to kronhjortar tekne av flaumen i Toåa. Store hjortar med fine horn. Horna hadde fått berre ubetydeleg skade på turen ned fossen.

Horna av dei to hjortane som drukna i Storfossen. Foto: Dordi J H

Retteleg fine horn. Foto: Dordi J H

Publisert: 21. september 2019, 13:48