Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kritisk vinter for hjorteviltet

Kritisk vinter for hjorteviltet

Jon Olav Ørsal Sundag 9. januar 2011

Det går mot ein kritisk vinter for rådyr og hjort i distriktet. Kombinasjonen av mykje snø og streng kulde har gjort at det allerei no er mange dyr som har bukka under. Spesielt er dette vanskelig for rådyra, men også dei svakaste hjortane har det vanskeleg. Dei har problemer med å finne mat i skogen på grunn av at både busker, kratt og lyng har isa ned. I tillegg er det også vanskeleg å finne vatn, da mange vasskjelder har tørka inn eller er kjøvd bort. Ragnar Halle, som er ledar i viltnemnda i kommunen, fortel at dei får stadig får rapport om kadaver som er funne. 

Ragnar fortel vidare at viltnemnda ikkje vil sette i verk nokon form for mating av dyr som har det vanskeleg. Dette er naturens gang, og det er dei svakaste dyra som bukkar under først. Dersom nokon ønskjer å mate hjort og rådyr, så må dette gjerast med største forsiktigheit. Høveleg for kan være litt gulrot og høy, men dei tåler ikkje mykje no som dei ikkje er vant med mat. Nokre plassar har hjorten funne ut at det er mykje bra mat i siloballane som ligg ute, og Halle oppfordrar dei som har slike liggjande til å sette opp gjerde rundt for å hindre at dei blir øydelagt. 

Viltnemnda vil gjerne ha rapport om kadaver som er funne, med informasjon om stad, antal og kva slags dyr det dreier seg om. Viltnemnda har ikkje noko ansvar for å få slike fjerna, men dersom det blir funne dyr i nærleiken av boligområde og i hagar så kan disse levereast på den kommunale søppelplassen, slik at ein hindrar forurensing. Spesielt har rådyra ein tendens til å trekkje inn i hagar etc når det tek til å bli kritisk. 

Vær spesielt oppmerksam når du ferdast på vegane. Det er no ein rekordstor viltbestand i området, og det meldes stadig om påkøyrsler av hjort og rådyr. På spesielle strakningar må du berre sette ned farten og følge godt med på vegkantane for å væra sikker. Spesielt farleg er strekninga mellom Nordvik og Åasbøen (Rabban) og vidare mot krysset i Hauahyllå. 

 

Publisert: 9. januar 2011, 13:05