Kunstnaren Elisabet Aas som innehar Elisabeths Atelier i Trondheim ferier i denne tida 10-års jubileum med juleutstillinga «Hjerterom». Juleutstillinga rommar så mangt, til og med eit bidrag frå Todalen. Kristine Saksen Ulvund har vorte antatt hos Elisabeth Atelier med heile fem bileter. Todalen.no har fått oversendt bileter frå opninga av utstillinga sist laurdag, der vi får eit innblikk i alt det fine som er å oppleva der. Her er både dansk keramikk, måleri og forskjellig glasskunst.
Her er bileta til Kristine Saksen Ulvund dei fem i overkant. Bileta er skreve ut på plexsiglas og tek seg verkeleg godt ut.
Kristine og Elisabeth Aas under laurdagens opning. Som dei fleste veit er Elisabeth og mannen Per trufaste todalsvenner som tilbring mykje av fritida si i feriehuset sitt i Sissigrenda på Kvendset. For meir info kan vi anbefala nettsida til Elisabeths-Atelier.