I kveld arrangerte Start 4H juleverkstad på Bordholmen. Ikkje baka dei og heller ikkje dreiv dei med sløyd, men med litt papir trøydde dei seg i vel to timar for det.
Eivind Grønmyr og Tor Holten var innhyra for å lære bort kunsten å flette juletrekorger, medan Line Marie Kvendset bistod med teikning av nissar i ulike variantar og bruksområde.
Ungane serverte gløgg og peparkaker, medan det vart spela julesongar i bakgrunnen. Reint så triveleg ei førhjulsstund.
Under er bileter frå juleverkstaden. Alle foto Elinor Bolme.