Kranaskjæret har kome skikkeleg i fokus den siste tida, og det er på grunn av utbygginga som skjer – midt i Vågen i Kristiansund. Interessant for oss i Todalen.no er det på grunn av at heile prosjektet er basert på MøreRoyal trematerialar frå Talgø MøreTre, og elementa blir bygd på Talgø Møretres fabrikk i Todalen. Kranaskjæret har ei lang og spesiell historie, og har gjennom hundrevis av år vore sentral i skipsfarten både lokalt og globalt.
Når prosjektet står ferdig vil det innehalde både gjestehamn, servicebygg, restaurant og fasilitetar for historieformidling – ei total investering på rundt 10 millionar som Kranaskjæret AS står for. Selskapet Kranaskjæret AS er det Kristiansund Småbåtlag som står attafor, men initiativ til prosjektet kjem frå Kristiansund og Nordmøre Havn, fortel havnesjef Arnt Honstad, som tok oss med på ein omvisningsrunde ut på det halvferdige bygget, saman med dagleg leiar Jens Morten Viktil frå hovudentreprenøren Kristiansund Mur og Betong og Talgøsjefen Terje Talgø.
Honstad fortel at det er Kristiansund og Nordmøre Havn som har kostet prosjekteringsarbeidet, og som har donert både Kranaskjæret og prosjektplana til småbåtlaget, mot at dei fullfører prosjektet og drifter det i fortsettinga. Honstad reknar med at det meste av prosjektet blir ferdig i haust, og at restauranten da vi kome i drift. Gjestekaia og arbeidet i området rundt Kranaskjæret vil først bli ferdigstilt og kome i drift til våren 2019.
Honstad fortel vidare at den vanskeligaste delen av arbeidet er unnagjort. Fundamenterringa og stålarbeidet på skjæret var nemleg avhengig av både flo og fjære og vêr og vind. Han skryter uhemma av gjengen som har stått på for å få denne jobben på plass. her har Kristiansund Mur og betong AS vore hovudentreprenøren for bygginga, medan Aasen maskin og transport og Kristiansund Industriservice har vore underentreprenørar. Kontrakten med leveransen frå Talgø MøreTre er og signert, og leveransane av materialar er kome i gang – alt i MøreRoyal.
Terje Talgø fortel at Talgø MøreTres fabrikk i Todalen starta produksjon av elementa til Kranaskjæret alt i midten av mai. Sammen med Talgø MøreTre og Sparebank1 Norvest har ksu.no sett opp webkamera som følger med på framdrifta av prosjektet på Kranaskjæret – her kan alle som vi gå inn og følge med. På KSU.no kan du også lese mykje interessant om Kranaskjæret og historia rundt.
Bildeglimt frå Kranaskjæret og området rundt – alle foto. Jon Olav Ørsal