Bondelaga i Surnadal og Todalen inviterer til temamøte om nettsituasjonen og korleis nødvendig opprusting av lokale, regionale og nasjonale nett skal finansierast. Lokalt er det i dag enkelte linjer som er utilstrekkelig dimensjonert, og fleire vil få problem etterkvart som meir straumproduksjon vert bygd ut, fortel ledar i Surnadal Bondelag Oddvar Mikkelsen. Han fortel at det er same problemet fleire plassar rundt landet, og det er også eit problem i det sentrale nettet til Statnett.
Produksjonsbegrensningar og tap av straum i nettet vert difor ein betydeleg samfunnsøkonomisk kostnad, som i siste instans vil bidra til at straumen vert dyrare for forbrukarane. At mange planlagte kraftverk ikkje blir bygd fordi det ikkje er tilstrekkeleg nett er ein annan kostnad ved dette. Tysdag 30. august inviterer bondelaga i Surnadal og Todalen temamøte om saka i Svorkasalen på kulturhuset. Her kan du laste ned plakaten med informasjon om møtet, innleiarane og tidspunkt for møte og påmelding.