Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kostbare pøbelstreker ved SIAS

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. juli 2015

Ved verkstaden til Per E. Gjeldnes Maskin er det ødelagt 3 vindusruter i 2 forskjellige dumpere. Det ser til at det er skote med luftgevær på rutene som no må skiftes ut. To ruter er i herdaglas, medan den tredje er laminertglas, og dette er kostbare saker som nok vil kome på fleire tusen kroner. Per E. Gjeldnes meier at det må ha skjedd i løpet av den siste veka.

Dumper02_0430

På den andre dumperen er 2 ruter treft av prosjektiler – sannsynleg vis frå luftgevær. den eine ruta er pulverisert – den andre har 3 treff. Foto: Jon Olav Ørsal

Dei to dumperane står parkert attafor SIAS-bygget ved Bordholmen, der firmaet har verkstad for sine anleggsmaskiner. Dersom nokon har sett noko mistenkeleg så sett Per Gjeldnes pris på at du tek kontakt på telefon 986 14 480. – Der det finns luftvåpen i huset er det kanskje lurt å sjekke om dei er i sikker forvaring, og at det er forsvarleg bruk av våpna.

 

Publisert: 11. juli 2015, 17:37