Som vanleg var det godt oppmøte på bibliotekkvelden i regi FAU, Todalen bibliotek og Todalen skule under markeringa av årets Nordiske litteraturveke. Temaet for litteraturveka i år var «Heltar i Norden», og Britt Mossing fortalte litt om dei ulike literaturheltane som har dukka opp igjennom åra. Pippi og Emil var nok kjent for dei aller fleste, men Snorre var det nok mest den eldre garde som kanskje hadde erfaring med.
May-Elisabeth Holten orienterte litt om lesevenn-aktiviteten som Todalen sanitetsforening har både i barnehagen og på skulen gjennom deler av skuleåret. Ho har vore på samling i regi NKS for å få inspirasjon og ikkje minst bøker til utdeling til skulen.
Biblioteket er ope alle mandagar ved ordinær skulerute frå klokka 18-20.