Laurdag var det stor utfart på sjøisen. Det var litt kald vind, så det var best å halde seg i aktivitet. Men midt på dagen kom sola på ein visitt og da vart det betydeleg betre. Men det var stor aktivitet på sjøisen i dag, med både fiske, ishockeykamp og grilling. Eit hundretal store og små todalingar sørga i allfall for å halde kvarandre med selskap på denne fine vinterdagen.
Vår redaksjon var forhindra i å delta i aktivitetane på sjøisen i dag, men vi har fått bilde tilsendt både frå Ingeborg Myrvang og frå Carina Talgø. Nedafor finn du eit lite galleri frå dagens aktivitetar. Foto: Ingeborg Myrvang