Det var mange som fann vegen til kafebesøk hos Slettneset steinovnsbakeri søndag ettermiddag. Heldigvis er det god plass i gardstunet på Slettnesset, så det var ingen problem med å halde avstand til kvarandere og likevel oppleve fellesskapet.
Til tider var det lang kø frå ekspedisjonen i bakeriet og ut på gardsplassen, men det tok folk med knausande ro og venta tålmodig. Det er slett ikkje dumt å vente litt i kø når det duftar både nykoka kaffe og nystekte bakervar – det stimulerer nok smaksløkane skikkeleg.
På plassen utafor var det laga mange bord – både vanlege hagebord og såga langbord. Her kunne folk sitte og nye baksten og kose seg i finvêret – og kanskje trefte du naboen, eller vener og kjente som det er elenge sia du har snakka med.
Karin Åsbø som driftar steinovnsbakeriet fortalte at ho laga alle deigar laurdag, så alt var klar til steiking når vekkarklokka ringte kl 5.30 søndag morgon. Og som sagt så gikk bakaravrene unna frå kl 12 når utsalet opna.