Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kosa seg inn i sommarnatta

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. juli 2024

Det vart blink både med vêret, maten og stemninga da Todalshytta inviterte til Thaiaften fredag kveld.  I den fine sommarkvelden var det mange som var nysgjerrige på Thaimatbuffen som Todalshytta gourmetkjøkken diska opp med.

Jostein Bruset er næraste nabo til Todalshytta, og kosa seg med Thaimat. Arve Evensen passer på at det er nok mat til alle. Foto Jon Olav Ørsal

Damene på kjøkkenet sørga for at det var eit stort utval i ekte Thaimat – både sterke, og meir moderate smaksvariantar.  – Og maten gjekk unna, så det var tydeleg at det var smakar som trefte publikums ganer til begeistring.  Det kom og gjekk folk heile kvelden, og det var utruleg mange som var innom i løpet av kvelden. 

Alex Duo sørga for triveleg musikalsk følgje, med variert taffelmusikk til maten og friskare tonar etter kvart utover sommarkvelden.

Alex duo sørga for taffelmusikk til maten – etter kvart vart det friskare tonar utover kvelden. Foto Jon Olav Ørsal

Vi har laga eit lite bildegalleri frå den fine sommarkvelden.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 20. juli 2024, 05:50