Det er stabilt og bra oppmøte på strikkekaffe i Sanitetshuset kvar gong. Det er tydeleg at det er eit arrangement som er midt i blinken – det er sosialt og deltakarane likar seg i kvarandres selskap. Dei tykkjer og det er fint å kunne være med og bidra til noko nyttig – slik som no på ettervinteren når dei har strikka varme huver, votta og lesta i flotte fargekombinasjonar.
No har dei eit stort lager med ferdigvarer som berre ventar på at mottaket skal bli klart. Det skal nemleg leverast på «sanitetsrommet» på kommunehuset i påvente av at flyktningestraumen når Surnadal. I påvente av nye behov så går strikkekaffen vidare i normal gjenge, og da er det sjølvsagt kaffeservering, utlodding og sjølvsagt den gode praten rundt kaffebordet.