4 flotte svaner har hatt tilhald ved Todaløra og Halsetøran i vinter. I føremiddag låg deg og duppa i sjøen og berre slappa av, men når vi stoppa for å ta bilde vart dei ivrige og kom inn møt fjøra.
Dei er nok vant til å få ein godbit når det kjem folk og er nok ivrige på kakeskalkar og slikt. Elles lir dei nok ikkje noko naud, for det er nok mykje mat å finne når det er fjære sjø, sjølv om dei må dele med ender, ærfugl og andre sjøfuglar.