Du finn ei heilt utruleg ro i sjela når du går Svinvikrunden – det er mykje å sjå og oppleve, og her er det mykje gammel veghistorie som viser kor stor utvikling det har vore den siste hundreårsperioden. Heile runden er på 4,6 km, og heile runden går på tursti, grusveg og asfalt.
På plakaten som er sett opp like ved parkeringsplassen/lunningsplassen er det gjeve fyldig informasjon om vegane – den eldste som går oppover bratte bakkar over Kleiva og nedover til Snøya. Den vart bygd ved forrige århundreskifte. Neste generasjon vegtrasé går innover nedmed sjøen, og passerer Nausta og Gjengstøa og innover til Snøya. Siste generasjon så langt er vegen gjennom Svinviktunellen som var opna i august 2001.
Vi tok turen oppover Kleiva til rundens høgaste punkt, og har mange bildeglimt som vi gjerne deler med lesarane. Alle foto: Jon Olav Ørsal