«It takes a village to raise a Child» – «Jeg kan bruke det afrikanske uttrykket for å forstå min oppvekst. Det hadde sikkert blitt «folk» av meg uten alle de flotte, rare, snille og originale naboene på Øyamoå, men de har vært med å forme meg. Det har jeg oppdaget, og satt stor pris på etter hvert.»
Dette skriv Bjarne Stenberg i forordet til boka si «Blå himmel, flate jorder og rødt gress», og barndomsminne er utgangspunktet for både boka og kunstutstillinga som han no har i Kallastuå. Mange av bileta til Stenberg er forteljande, med levande uttrykk og gladfarger. Stenberg er utruleg flink til å teikne.
Bjarne Stenberg er fødd i 1952 og voks opp på Øyamoå i Surnadal. Han er utdanna innafor reklame og grafisk design og driv no som freelance formgivar og illustratør. Han har kurs i aktteikning, olje- og akrylmåling, og han har delteke på mange utstillingar både i Surnadal, Trondheim og andre stader i landet, første utstillinga var Vestlandsutstillinga i 1974. Han er ein anerkjent kunstnar.
Bjarne er fargeblind når det gjeld raudt og grønt, og han fortel at han har gjort nokre tabbar der. Han ser fargar, men ser dei ikkje slik som andre ser dei – så graset kunne altså bli knallraudt! Han har alltid lika å teikna fortel han, og han hugsar godt den første fargeøskja si – Kema med 8 fargar.
Mange av bileta ovanfor har kvar si forteljing som ein finn i boka. Traktoren «Parafino» gjekk på parafin, trekk-krafta var så som så. Da guten Bjarne stolt fekk kjøre av stad for å hente eit lite gruslass, vart han på tur heim forbikjørt av ei nabokjerring på sykkel! Vi ser merra «Solfrid» som var vill og sterk og gjorde som ho ville for gutungane under høykjøringa. Ho sprang ut! På den blå bobla står guten bak på støytfangaren for å vere ballast slik at bilen kunne kome opp bratte bakkar på vinteren.
Både boka og bileta fortel levande om livet for ungar på 50-talet, og mange vil nok kjenne seg att og minnast eigne barnedagar. For dei som ikkje har levd så lenge, er dette eit fint høve til bli kjent med korleis foreldre eller besteforelde hadde det i si tid!
Utstillinga er vel verdt eit besøk, og boka er artig og lettelesen med kjøle fine illustrasjonar!
KALLA SKRØVSETH OG MOSAIKK
I andre etasje i Kallastuå er det utstilling av verk til Kalla Skrøvseth. I år er temaet Kalla sine mosaikkarbeid. Kalla reiste i 1952 til Roma for å studere mosaikk, noko som ho seinare kom til å arbeide mykje med i store offentlege utsmykkingar. Så sentralt i utstillinga i år ein presentasjon av altartavla i Sørnes kyrkje i Sola kommune på Jæren – i full skala. For å vise eit glimt av arbeidsprosessen med mosaikk er det stilt ut ei lita samling av materialar og reiskap knytt til dette.
Den eldste delen av Kallastuå er kunstverkstaden til Kalla som ho sjølv bygde. Her er det utstilt møblar, inventar og eigendelar til Kalla – det gjer at ein blir betre kjent med kunstnaren. Nytt av året er at det her er montert digitalt utstyr. Der kan ein sjå Kallabilete som ikkje finst i samlinga; kunstverk som enten er i privat eige eller i kyrkjer og offentlege bygg rundt om i landet og i andre land.
Både Bjarne Stenberg og Odd Ingar Skrøvseth var på plass i Kallastuå, dei fortalde om utstillingane og viste rundt. Det var riktig så interessant! Fram til og med 11. august er det ope på søndagar frå 13.00 til 17.00 og torsdagar frå kl. 15.00 til 19.00. Dei kunne fortelje at det hadde vore bra med besøk så langt, og dei håpar mange vil ta turen innom utover sommaren. All er velkomne!
SØNDAG 11. AUGUST er siste opningsdagen denne sommaren. Da blir det kåseri med biletframsyning av Gjertrud Hals Skrøvseth og Odd Ingar Skrøvseth der temaet er «I Kalla’s fotspor i Roma». Der vil det bli fortalt om korleis Kalla sitt arbeid med mosaikk starta; – arbeid i mosaikk var ein svært viktig del av kunstverka til Kalla.