.Frode Grønyr var i full gang med vedhogst i dag da vi passerte Halagrenda. PÅ spørsmål om han jobba med å sikre neste vinter kunne han berette at det var han faktisk ferid med, men no var det mest landskapspleie og fritidssyssel som stod på programmet. – Reknar med at det blir kort dag i dag, ettersom 5-mila frå VM i Trondheim kjem på TV’n etter kvart

Vedhogst frå ekkerkantane skal bidra med oppvarming. Fyrkjelen står i huset lengst til høgre – her er det og solcellepanel på taket for å samle straum. Foto Jon Olav Ørsal
Frode er i takt med tida, og har vassbåren varme i våningshuset. Eit eige fyrhus sørger for oppvarming i heile huset, og her er det altså eit vedfyrt fyranlegg som søger for varmen. Her er det og solsellepanel på taket, så Frode satsar fullt og heilt på fornybar energiforsyning. – Det blir ein vinn/vinn-situasjon, der ein både får mosjon, samtidig som ein får rydda unna kratt og får lys og varme på kjøpet.