Tysdag kveld var det nok mange som venta på at klokka skulle passere midnatt, slik at laksefisket i Toåa kunne starte. På Todalshytta var det Linda og Frank «Spoon» Botten som sørga for å korte ned ventetida med intimkonsert i peisestua for både laksefiskarar, gjestar og andre som hadde lyst til å høre.
Linda og Frank opptredde med variert visesong både eigne tekster og tekster av andre velkjente skriventar både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Reint så triveleg konsert som var det opp i 3 omgangar. Dei hausta stor applaus for visesongen og lova å koma attende ein fin sommarkveld for å opptre på friluftsscena. Det kan vi berre gle oss til!
Men etter kvart som klokka nærma seg midnatt så vart det ei viss uro som prega laksefiskarane – nokre av di skulle være på plass i elva når klokka passerte midnatt, medan andre skulle tidleg opp for å være på plass til rett tid om morgonen. Sjølvsagt er det stor spenning rundt starten på laksefiske – slik er det kvart år. Sesongen 2021 var egentleg heilt elendig på grunn av lita vassføring i Toåa, ettersom vårløysinga på det næraste var ferdig før fiske starta. Dermed vart det lite fisk og det har nok sådd stor usikkerheit. For to år sia – sesongen 2020 – var det snø att i fjellet og bra vassføring. Da opplevde vi ein god start på laksefisket.
I år er det også ein god del snø att i fjellet og vassføringa er ideell, så det er lov å håpe på reprise frå 2020. Vassføringa som er målt ved Storfossen er i kvelt på knappe 20 m3/sek så det er ideelle tilhøve i elva, men den er kanskje i det kaldeste laget. I skrivande stuand kl 01.10 var det enno ikkje rapportert noko resultat!